This job is in your area. Enjoy a short commute and work close to home.
Job Description
Vil du bli vår nye maskinsjef? Maritim Drift, Fjord1 AS
Om stillinga
Fjord1 har no ei ledig stilling som maskinsjef i sambandet Solholmen-Mordalsvågen , p.t. MF Ivar Aasen.Som maskinsjef på sambandet blir du nøkkelpersonen i maskinrommet, med ansvar for drift, vedlikehald, tekniske system, og sørgjer for at ferja går trygt og effektivt.
Stillinga gir deg ein variert kvardag der du får rikeleg høve til å bruke din tekniske kompetanse og erfaring, samtidig som du jobbar med eit triveleg og inkluderande mannskap.
Turnus er 2 veker på jobb og 2 veker fri, 1 veke dag og 1 veke natt. Vi tilbyr ei attraktiv stimuleringsordning og dekka reise ved første og siste vakt i arbeidsperiodar der reiseavstanden overstig 30 km for dei som ønskjer å delta på ordninga. Søkjar bør bu lokalt.
Aktuelle kandidatar vil bli kontakta fortløpande.
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:
Arbeidsgiver: Fjord1 AS