This job is in your area. Enjoy a short commute and work close to home.
Job Description
Vil du arbeide saman med oss for å gi barn ein god oppvekst i Sula kommune?
Sula kommune søker ein tydeleg, fagleg sterk og erfaren styrar for Langevåg barnehage, med solid kompetanse. I Sula kommune har vi barnehagar av høg kvalitet, og Langevåg barnehage er ein av desse. I denne barnehagen blir ein møtt med omsorg, tryggheit. Barnehagen er oppteken av tid til tilknyting, at vi bygger relasjonar og legg til rette for å gje barna god tid til å kvile når dei ønsker det. Barnehagen er ein kommunal 6 avdelingsbarnehage som ligg fint til i sentrum av Langevåg, nær skogen, fjellet og fjøra. I barnehagen er vi opptatt av å samarbeide på tvers av avdelingane, og vi har felles prosjekt, fellessamlingar og arrangement. Som leiar får du ein gjeng motiverte medarbeidarar med på laget ditt. Du er med i leiargruppa i kommunalområde oppvekst, samt at du vert ein del av kommunedirektøren si mellomleiargruppe. I tillegg får du bidra til tverrfagleg utvikling gjennom metaforen «Læringseisa...