This job is in your area. Enjoy a short commute and work close to home.
Job Description
Kronstad Distriktpsykiatrisk Senter (DPS) held til ved Danmarksplass. Kronstad DPS er delt inn i fleire seksjonar, herunder to store allmennpoliklinikkar, ein gruppepoliklinikk og ein eigen seksjon for angstbehandling (B4DT). Vi var først ute i området med å etablere ein ordning for tidleg avklaring av pasientar for å sikre rett tilbod til rett pasientar, og hos oss er det erfarne spesialistar som gjer denne jobben.
Tidleg Avklaringsteam har bestått av 4 spesialistar, inkludert ein psykiater. Vi skal no erstatte to av våre psykologspesialistar, då ein skal pensjonere seg, og ein ønsker å gå tilbake til poliklinikk.
Kvardagen i teamet består av å møte to pasientar der det er uklart kva tilbod dei skal til i eller utanfor spesialisthelseteneste, og om dei har føresetnad for å nyttiggjere seg behandling. Den som blir tilsett har som oppgåve å få klarleik i dette. Kvar dag er det også eit konsensusmøte, der alle i teamet går kort igjennom dagens pasientar og drøftar a...