This job is in your area. Enjoy a short commute and work close to home.
Job Description
Det er ledig vikariat for LIS3 ved tverrfagleg behandlarteam døgnpost Folgefonn DPS, Valen frå 1. september 2026
Folgefonn DPS er ein avdeling i klinikk for psykisk helsevern i Helse Fonna HF. Vi har ansvar for dei allmennpsykiatriske spesialisthelsetenestene i kommunane Kvinnherad og Ullensvang med eit samla befolkningsgrunnlag på ca. 20 000 innbyggjarar.
Idag har vi 12 døgnplassar totalt fordelt på psykose-/rehab.- og allmennpsykiatrisk post på Valen. Det vert gjeve tilbod om kriseplass og brukarstyrt opphald. DøgnavdelingValen har eit tverrfagleg behandlarteam med overlege i psykiatri, psykologspesialist og LIS3-lege. Døgnavdelinga er godt bemanna med spesialsjukepleiarar og hjelpepleiarar.
Hos oss legg vi til rette for gjennomføring av heile spesialiseringsløpet i foretaket.
Folgefonn DPS er godkjent utdanningsinstitusjon i psykiatri med 2 år med desse tenesteområda:
- Langtidsbehandling/rehabilitering av psykoselidi...